Lårdal Badstove

Vilkår for bruk og leige.

 

Bruk av saunaen er på eige ansvar. Alle må møte ny-dusja.
  • Badstova bruker 2 timar på oppvarming. Det er ikkje lov til å stilla på temperaturen. Den er lik for alle og er 70 grader.
  •  
  • For ei kaldare badstove kan ein opna døra og lufta i korte periodar.
  • Bruk lite vatn på omnen. Maks 1 øsa per 15 minutt, elles kan elementa bli øydelagde/ eventuelt kortslutte omnen.
  • Sjølv på Drop-In må badstova forhåndsbookes minimum 2 timar før bruk.
  • Det er viktig at døra blir lukka ordentleg inntil slik at dei neste gjestene får ei varm badstove.
  • Personar med symptom på luftvegsinfeksjonar og andre smittande sjukdommar bes halde seg heime.
  • Alle skal ha med to handkle ved bading. Eit tørt og eit badehandklede. Ha på badetøy og sitt på tørt handkle på benken. Eventuelt treng du berre eit handkle om du ikkje skal bada.
  • Booking er bindande og vi betaler derfor ikkje tilbake for utanom ved uforsvarlege vær forhald. Dette for å dekke over tapte inntekter ved å halde av din tid. Bytte og internoppgjer er heilt innafor og oppfordrast.
  • Ved leige må minst ein person vere over 18 år.
  • Saunaen er ferdig oppvarma ved innkomst.
  • Når de bookar saunaen for ei gruppe, er det dykkar private booking i tidsrommet de bookar, ingen andre skal ha tilgang til saunaen. Uteområdet elles er offentleg, og såleis tilgjengeleg for alle. Vis omsyn til kvarandre.
  • All bading i Bandak er på eige ansvar. OBS! BRUK STIGEN rett utfor badstova for å komme deg ned og opp av vatnet. Hopp ikkje uti, ikkje stup! All akrobatikk på eige ansvar, det er grunt og tidvis dårleg sikt.
  • Ver obs på at treplattingen ute er glatt når den blir våt, og ved snø og is.
  • Alkohol er tillat i moderate mengder inne i badstova, ikkje ute. Ingen raudvin eller anna drikke som kan setja farge/ misfarge på treverket. Ikkje bruk glas i badstova, pappkrus eller anna er fint.
  • Ha med godt med eige vatn.
  • Rydd opp etter deg og ta med søppelet heim.
  • Røyking ved og i badstova er ikkje tillat. Ikkje kast snus i Bandak! Tobakksforbode på heile plattinga.
  • Parkering på p-plass utanfor dei to raude bygga. «Sagbruket» og «Kommunalt bygg».
  • Skifte og oppbevara klede ved bilen.
  • Les også informasjonsskriv ved inngangen til badstova.

 

Ring Arne for bestilling. 92632861
Ha dag og tid klart før du ringjer.
Betaling via vipps til Arne, etter bekrefta booking.
Du vil få ein sms med stadfesting på din booking


Prising av badstova og bestilling. 
Hugs minimum 2 timar førehandsbestilling


Gruppe booking, tid etter avtale:
Måndag, Tysdag, Torsdag, Fredag, Laurdag og Søndag

Når ein leige på dagar / tidspunkt heldt av for grupper får ein badstova for seg sjølv og sin gruppe i to timar.

  • 6 personar maks er tilrådd – 400,- for gruppe


Drop-In, tid etter avtale: (16:00-22:00) 
Onsdager

Når ein leige på Drop-In kan det henda ein må dela med andre

  • 6 personar maks er tilrådd – 75,- per person